Portrett Eivor Myklebust

Eg klødde i fingrane etter å lære om teater

Eg heiter Eivor og er 19 år gamal. Eg kjem frå ei lita bygd i Hardanger, kalla Ålvik. Heilt sida eg var lita har eg likt å kle meg ut, tre inn i ei rolle og laga eit skikkelig show! Teatermoglegheita var diverre avgrensa der eg vaks opp, men interessa var på plass. Etter vidaregåande bestemde eg meg for å ta steget vidare, hoppe ut i det og prøve meg som skodespelar for fyrste gong. 

Stå på ei scene

Eg hadde ei forventning då eg søkte på Fana. Eg skulle stå på ein scene og slik var det.

Eg klødde i fingrane etter å lære om teater, sjå teateroppsetjingar og ikkje minst spele teater!

Utan erfaring og med lite peiling, trudde eg at ”alle andre” var betre og meir sjølvsikre, og at eg kom til å henge etter. Men sidan linja etterlyste folk både med og utan erfaring, tenkte eg at eg kom til å bli tatt godt imot og treffe folk med same interesse og på mitt nivå faglig. Variert og praktisk undervising sette eg høgt på lista då eg leita etter ein passande skule, eg landa til slutt på Fana, og har ikkje angra sidan.

Lær om teater gjennom arbeid med forestillinger.
Eivor (i midten) spelte Mora i teaterklassen si hovedoppsetting Blodbryllup.

Kjenne seg sett av lærarane

Kvardagen på teaterlinja til Fana Folkehøgskule er variert og morosam. Det går ikkje ein dag utan mykje latter og god stemning. Undervisinga er av høg kvalitet ettersom lærarane legger masse tid og krefter inn i arbeidet sitt. Kvar enkelt av elevane vert tatt like godt vare på og får mykje tilbakemeldingar for å utvikle seg innanfor faget. Å kjenne seg sett av lærarane tykkjer eg er viktig. Det skapar den rette motivasjonen til å stå på og gjere sitt beste. 

Oppgåvene er mangfaldige og interessante. Ei lett blanding av enkle til krevjande gjeremål gjer at ein kjenner at ein får ting til, samt at ein har et mål å jobbe mot. Begge deler skaper mestringskjensle, som er etter mi meining eit nøkkelord i lista over viktige ting ein treng for å ha det bra.

Lær om teater gjennom karakterarbeid og skuespillerteknikk.
Når teaterklassen har forestilling, så er både kulisser og kostymer laga av elevane.

Kjensle av mestring

Når det kjem til mestringskjensle, synes eg at det er noko av det beste med teater og scenekunstlinja på Fana. Me jobbar hardt saman, støttar kvarandre og produktet vert absolutt eit skikkelig show me alle kjenner oss utruleg stolte av.

Fellesskapet er upåklageleg og ingenting er for flaut eller dumt å gjere.

Det er også noko av det beste. Ikkje berre sjølve teateroppsetjingane, men teatergjengen. Etter masse arbeid, læring, reising, latter og tårer har me fått eit fint og trygt miljø. Me heiar på kvarandre og byggjer kvarandre opp.

Kom med eit ope sinn

Mitt beste råd til kommande elevar er å berre hoppe ut i det. Oppgåvene på teaterlinja kan kanskje kjennes litt rare eller skumle, men dei er ikkje det. Kom med eit ope sinn og ikkje ver redd for å dumme deg ut, for det er utruleg kjekt og ein verdifull eigenskap å ta med seg vidare.

Teater og scenekunst på Fana folkehøgskule

Teater og scenekunst får du lære om teater. Vi treng folk både med og utan erfaring frå teater.

Elevane jobbar både med det som skjer på scena og bak scena – på Fana er du med på heile produksjonen.

Linja passar både for alle som vil lære meir om teater. Det vi forventar av deg er at

  • Du er villig til å bruka deg sjølv aktivt i timane
  • Du deltar med ope sinn i samarbeid og utprøving
  • Du finn mot og nysgjerrighet til å gå inn i det ukjende i deg sjølv, både mentalt og fysisk