Fana folkehøgskule

Ny søkjarrekord til folkehøgskulane

Folkehøgskulane i Noreg er populære. I år er det rekordmange som har søkt seg til desse skulane.

– Søkjartala til neste skuleår slår alle tidlegare rekordar. Det har aldri vore meir populært å gå på folkehøgskule. Kanskje er behovet for eit sosialt år på folkehøgskule berre vorte endå større etter ein lang koronaperiode heime, seier Marit Asheim, informasjonsrådgivar for Folkehøgskolene, til Nationen.

Per 1. mai var det sendt 21.579 søknader til folkehøgskulane for neste skuleår, samanlikna med 18.882 på same tid i fjor.

Ho seier at elevane fortel at dei etter 13 års skulegang er slitne og har behov for å gjere noko anna eit år – før dei startar på vidare studiar.

– Dette er ikkje endra etter ein vår med mykje uvisse og heimeskule – heller tvert imot. Kanskje er behovet for eit sosialt år på folkehøgskule berre endå større etter ein lang koronaperiode heime, seier Asheim.

Det er i dag 82 folkehøgskular i Noreg, fordelt på alle fylke. Folkehøgskulane har dette skuleåret rekord med 8.000 elevar. Alle skulane satsar på å starte opp att som vanleg til hausten med ein del koronatilpassingar.

Kilde: NTB