Fotoklassen på Nordic Light

Studietur til fotofestivalen Nordic Light

Skuleåret 20/21 vart starten på ein ny tradisjon, kor linja Analog Foto reiser til Kristiansund for å besøke fotofestivalen Nordic Light. Trass korona vart festivalen arrangert mot slutten av oktober, og fotoklassen tok turen til nordvest-landet med direktefly frå Bergen Lufthavn.

Fotoklassen på Nordic Light

Fotoklassen står på bussholdeplassen ved skolen og er klar til avreise.

Internasjonal fotofestival

Tradisjon tru var festivalen tettpakka med fagleg program i skyhøg kvalitet – denne gongen, grunna korona, hovudsakleg norske fotografar. Vi fekk sjå utstillingar på høgste nivå, og fekk med oss foredrag i verdsklasse. Mellom anna var Dag Alveng, Helge Skodvin, Katinka Goldberg, Pixy Liao, Paul Cupido, m.fl. på scena og delte sine bilder, tankar om fotografi, arbeidsmetodar, og mykje meir.

Fotoklassen på Nordic Light

Å besøke utstillinger er en viktig del av opplegget på fotofestivalen Nordic Light.

Morgonfilm på Nordic Light

Noko av det finaste med festivalen er morgonfilmen kl. 08:00, handplukka av kunstnarleg leiar ved festivalen, Morten Krogvold. Tidleg opp og i gang med å få nye inntrykk! Veldig fint er det også at «dei store» fotografane på festivalen ruslar rundt som vanlege festivaldeltakarar, og ein kan slå av ein prat, eller spørje dei om det ein måtte lure på. Veldig hyggjelege er dei også!

Sosialt samvær

Vi hadde glede av kjekke måltid på byens restaurantar, elevane fekk noko fritid for litt «Urban Exploring», mellom anna måtte skateparken sjekkast ut! Dagane gjekk altfor fort, og vi lengta tilbake til Kristiansund med det same vi kom «heim» til Fana.

Byvandring på Nordic Light

Som på alle studieturer, så er utforskning av byen en del av programmet på turen.

Studietur til Nordic Light neste skuleår

Turen må reknast som ein ubetinga suksess, og som lærar på linja ser eg allereie fram til 20.-24. oktober 2021!

Andreas Eikeseth Nygjerd, lærar på Analog foto