Elevene er gode til å gi hverandre positiv oppmerksomhet

59850258_2041211699335396_8003417409996193792_o.jpg

Bjørn Heimvik har sendt to av sine barn på folkehøgskole. Vi på Fana folkehøgskule var så heldige å få sønnen Erik som elev skoleåret 2018-2019. I år er Erik stipendiat på folkehøgskolen.

Hvorfor sendte dere Erik på folkehøgskole?

Erik og faren Bjørn på 60-årsdagen til Bjørn utanfor slottet 17. mai i år.

Erik og faren Bjørn på 60-årsdagen til Bjørn utanfor slottet 17. mai i år.

– Etter barne og ungdomskulen gjekk Erik på vidaregåande skule på Husnes og Stord innan Service og samferdsel, IKT servicefag og studiespesialisering. Interesser var bl.a fotball (keeper, midtstopper og midtbane). Spelte alle åra i aldersbestemt fram til junior. Vart og ein habil gamer etterkvart og var nok ein av mange gutar som feilaktig fekk for lite kredit for tida på guterommet med pc’n. Han har og i mange år hatt ein påtvungen interesse for å hjelpe til med vedkløyving på heimebane, ca to mål pr ved sesong.

– Eriks søster anbefalte sterkt at Erik måtte søkja seg inn på folkehøgskule ( ho vart nærmast misunneleg når plass for Erik var i boks). Vi foreldre har og ein del slekt som har gått på folkehøgskule, alle med gode tilbakemeldingar. Det var derfor eit «enkelt valg» å anbefala Erik å gå denne vegen. Erik signaliserte og sjølv at han hadde behov for eit år med å skaffe seg erfaringar og tid til å vurdera ulike retningar for tida framover. Valget for Erik fallt på Fana folkehøgskule.

Førte året på folkehøgskole til endringer?

JA. Det vart signalisert fra skuleledelsen på inntakshelga at vi foreldre kom til å sjå endring på ungdommane våre allerede til haustferien. Det synes vi høyrdes ut som veldig kort tid og eit spenstig løfte, men ja det var ein triveleg, høfleg, smilande, meir hjelpsom gut som kom heim. Må tilføye at Erik var knakande kjekk gut og før han reiste. Desse positive haldningane fortsatte også utover skuleåret.
Som foreldre var vi og på skulebesøk og vart kvar gang overraska over kor gode elevane var til å gje kvarandre positiv oppmerksomhet og at alle vart «tatt med»

Har folkehøgskoleåret vært nyttig?

61282111_2502232406477250_1499926863231844352_o-576x1024.jpg

– Det har vært nyttig på fleire måter. Han tar meir ansvar og seier til og med at han likar å ta ansvar. Er og blitt vaksnare og litt meir utadvent. Har fått jobba i ulike «prosjekt» / oppsettning og utfordra komfortsona si skikkeleg. Vi trudde vel nesten ikkje heilt på han når han fortalte han skulle delta på scenen i Petter Pan.

Kan du anbefale andre foreldre å sende barna sine til Fana folkehøgskule?

– JA. Eg ville nesten gå så langt som i å sei at folkehøgskule burde vært obligatorisk. Fleire av dei kvalitetane som vert jobba med her, ser vi i liten grad på mange andre skular.

Georg Reidarsen