Midt i dei fantasifulle omgjevnadene i Carte Blanche si nye framsyning finn vi bakenden til ein gigantisk katt. Katterumpa framstår som ein magisk portal. Halen til katten svinser fram og tilbake. Portalen pulserer.
Månen står opp samtidig med sola. Underlege skapningar befolkar scenerommet. Dei syng på eit ugjenkjenneleg språk som vi likevel forstår. Dei kravlar inn og ut der sola aldri skin. Figurane på scenen er ubestemmelege. Er dei menneske eller dyr, fisk eller fugl, eller noko heilt anna?
RETRO KATT er ei framsyning der scenografi, lyd, lys og dansarar smeltar saman til ei spenstig og surrealistisk totaloppleving. Motsetningar og gjentakingar blir utforska. Tori Wrånes stiller spørsmål ved det synlege og det usynlege. Ho leikar seg fantasifullt med parallelle verdener og nye reglar.
Kunstnaren og komponisten Tori Wrånes har skapt spektakulære verk over heile verda. I RETRO KATT har Wrånes sett signatur sin på koreografi, komposisjon, scenografi og kostymedesign. Bli med inn i ei forskjøva verd fylt med visuelle og lydmessige krumspring, mystikk, alvor og leik!
Praktisk informasjon til elever
Vi kjører felles buss til og fra forestillingen. Avreise fra skolen rett etter morgensamlingen.
Forestillingen starter klokken 10:15 og varer i en time. Bussen hjem går rett etter at forestillingen er ferdig.