Eit avgjerande år
Arthur Eivik Myklebust gjekk på Teater og scenekunst på Fana folkehøgskule. No er han teaterstudent på NSKI (Norsk Skuespiller institutt).
Eg lærte so utruleg mykje på et år på Fana folkehøgskule. Vi gjekk gjennom mykje grunnleggande innan teater og det å bli trygg på scena, som eg kjenner eg endå bruker den dag i dag. Fana har lærarar som brenner for faget sitt og er so utruleg flinke til å lære det vekk. I tillegg fekk venner som eg kjem til å ha livet ut og gode minner som eg kjem alltid til å huske i hjarte mitt.
Fana gjorde at eg fekk trua på meg sjølv og torde og dra på audition i storbyen Oslo. No bur eg på Grünerløkka med min kjæraste og er student på NSKI (Norsk Skuespiller institutt) Her lærer vi å utforske karakterar og scener med å leke og prøve ut ting i samband med stykket. Vi skal også en gjeng dra til New York for å spille et stykke på off broadway om et år. Her trivs eg veldig og har fått mange gode venner som har blitt nær meg.
Alt dette hadde eg ikkje oppnådd utan all den lærdomen, erfaringa og støtta som eg fekk av et år på Fana folkehøgskule